Personvernerklæring

Ansvar

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa – Naturfagsenteret – er ansvarleg for innhenting og bruk av personopplysningar som blir gjort i samband med drift og vedlikehald av skaperskolen.no.

Informasjonskapslar

skaperskolen.no brukar ikkje informasjonskapslar med mindre du er forfattar som loggar på, sjå nedanfor.

Innebygde videoar frå vimeo.com

Enkelte sider på nettstaden har innebygde videoar frå Vimeo. Desse blir lasta med parameteren Do Not Track (dnt=true) som gjer at Vimeo ikkje sporar sesjonsdata eller brukar informasjonskapslar (cookies) og analyseverktøy.

Lenker til eksterne nettstadar

Lenker på denne nettstaden som går til andre nettstadar er i houvdsak merka visuelt med ikonet: blått rektangel med grønn pil.

Denne personvernerklæringa gjeld berre skaperskolen.no. Når du besøker andre nettstadar, er det personvernerklæringa på desse nettstadane som gjeld.

Statistikk over besøk

Naturfagsenteret samlar inn enkel webstatistikk for skaperskolen.no med verktøyet Plausible.io. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar for å dokumentere bruk, samt forbetre og vidareutvikle nettstaden. Plausible.io brukar ikkje informasjonskapslar og samlar ikkje inn persondata.

Meir info hos Plausible.io

For forfattarar på nettstaden

Vi lagrar personleg informasjon som forfattarar ev. gir opp i brukarprofilen. Alle innlogga brukarar kan sjå, redigere eller slette sin personlege informasjon når som helst (bortsett frå at dei ikkje kan endre brukarnamnet sitt). Nettstadsadministratorar kan også sjå og redigere denne informasjonen.

Informasjonskapslar:

  • Når du besøker påloggingssida vår, vil vi sette ein førebels informasjonskapsel for å avgjere om nettlesaren din godtek informasjonskapslar. Denne informasjonskapselen inneheld ingen personlege data og blir forkasta når du lukkar nettlesaren din.
  • Når du loggar inn, vil vi også sette opp fleire informasjonskapslar for å lagre påloggingsinformasjonen og skjermvisningsvala dine. Innloggingsinformasjonskapslar varar i to dagar, og informasjonskapslar for skjermalternativ varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil pålogginga vare ved i to veker.
  • Viss du loggar ut av kontoen din, vil informasjonskapslane for pålogginga bli fjerna.
  • Viss du redigerer eller publiserer ei side, vil ein ekstra informasjonskapsel bli lagra i nettlesaren din. Denne informasjonskapselen inneheld ingen personlege data og indikerer berre post-ID-en til sida du nett redigerte. Informasjonskapselen løper ut etter éin dag.

Kontaktinformasjon

skaperskolen@naturfagsenteret.no